Viking-tre A/S - Handlaga laftehytter
Drøymer du om ei laftehytte med særpreg, ei handlafta hytte av høgste kvalitet? Då har du kome til rette plassen.
Viking-tre A/S byggjer handlafta hytter, enten utforma i samarbeid med kunden, eller som nøkkelferdige prosjekt. Vi har ei rekkje ulike modellar tilpassa dei fleste behov. Gjennom heile prosessen, frå teikning til torvtak, er vårt fokus på kvalitet i kvar detalj.